Godt i gang - eller?
Direktoratet for forvaltning og IKT

Direktoratet for forvaltning og IKT

Godt i gang - eller?

Postet av Direktoratet for forvaltning og IKT den 30. Apr 2018

Hei!

Då har vi lagt bak oss ei full veke i Sykkelaksjonen, og er snart inne i mai månad. Veldig mange er veldig flinke til å registrere og ikkje minst, vera i aktivitet! Det ser ut til at det kjem til å bli ein aktiv vår/sommar for dei tilsette i Difi.

Eg vil likevel oppmode dei som enda ikkje har registrert noko på Sykkelaksjonen, om nettopp å gjera det. Det er enda tidleg i aksjonen, og kanskje nokon er på reis eller ferie, men husk at du kan registrere uansett kvar du er. Dersom du er på lag med nokon som ikkje har registrert, minn vedkommande på det ;) 

Og hugs - det blir delt ut premiar i bøtter og spann til dei som er inne og registrerer - kanskje Difi på nytt får ein heldig vinnar av ein splitter ny sykkel??

PS: Snart kjem det ei lita opplisting av dei flinkaste i Difi!

Helsing DifiBIL





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc