Hugs - siste dag for etterregistrering av aktivitetar er i DAG!
Direktoratet for forvaltning og IKT

Direktoratet for forvaltning og IKT

Hugs - siste dag for etterregistrering av aktivitetar er i DAG!

Postet av Direktoratet for forvaltning og IKT den 20. Jun 2018

Vel gjennomført aksjon, alle saman! De har jobba hardt og lenge, og no kan de endeleg legge all trening på hylla og kose dykk på sofaen til neste år… neiiiida 😊!

Vi håpar at de har hatt god nytte av aksjonen. Vi ser at veldig mange har trena veldig mykje, og vi håpar at aksjonen har vore til hjelp med å til å korte ned dørstokkmila.

Vi vil også minne om at i dag er siste frist for etterregistrering av all aktivitet som er gjennomført. Denne fristen er absolutt - det går ikkje an å registrere i morgon (har gått på den smellen sjølv...).

Det kjem ei lita markering etterkvart, der vi gjer litt stas på dei flinkaste i klassen og kanskje deler ut litt sjokolade – kven veit!

Takk for all innsatsen i år – vi håpar på like bra deltaking til neste år!

Helsing DifiBIL 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc